AKTIVfysikalske.no

Idrettsvegen 87

Om oss

AKTIVfysikalske er ein klinikk der me ønsker at fysisk aktivitet skal vera i fokus. Me ønsker å legge til rette for at ein kan trene og gjere øvingar med dei helseutfordringar ein har. Her tilbyr me ei aktiv tilnærming til fysioterapi. Me trur at ein aktiv livsstil er nøkkelen til ei god helse, derfor er vårt fokus å hjelpe deg med å oppnå det.

Les mer

Tenester


Me er to autoriserte fysioterapeutar ved klinikken som har driftsavtale med Bømlo kommune. For behandling hos terapeutar som har avtale med det offentlige gjeld takstar fastsatt av HELFO (Helseøkonomiforvaltingen). Du må betale ein eigenandel for kvar behandling inntil du eventuelt får frikort. Om timen vert avbestilt  seinare enn 24 timar yreksdagen før du har time, har HELFO vedtatt at både eigenandel og trygderefusjon må betales (ca dobbel pris). Dette gjelder også hvis du har frikort.

FRIKORT

Frå ein mottar frikortet vil ytlegare behandling være gratis ut kalenderåret, gitt at ein går til terapeut med driftsavtale. Terapeuten din hjelper deg gjerne om du har spørsmål angående frikort.

Undersøking

Behandlingsforløpet startar alltid med ei undersøking som dannar grunnlaget for vidare behandling. Dette inneber kartlegging av sjukdomshistorie, testar, samt pasientens livssituasjon. Samla dannar dette grunnlaget for mål og delmål for behandlinga.

Individuell behandling

Behandlinga er basert på funn fra undersøkinga. Ved ei individuell behandling kan ein nytte ulike tinermingar basert på faglegerettningslinjer tilpassa pasientens ulike behov.



Gruppetrening

Me bruker mykje gruppetrening i behandling her ved klinikken. Dette er lukka grupper der pasientane er under oppfølging av terapeut.

Når du ikkje kan møte på gruppetrening er det viktig at me får melding om dette dagen før. Dette er eit behandlingstiltak og andre kan nytte seg av tilbodet om du ikkje kan møte.

Eigentrening

I eit aktivt behandlingsforløp er eigetrening viktig. Det er mulighet for eigetrening ved klinikken. 


Gruppetreningssalen er open:

Man: 09.30-13.00

Tys: 11.00-12.30

Ons: 11.30-14.00

Tors: 11.30-12.30

Apparat avdelinga er open

Man: 09.30-13.00

Tys: 08.00-09.30 og 11.00-14.00

Ons: 08.00-15.00

Tors: 08.00-15.00

Fre: etter avtale

Åpningstider

Man - tor: kl. 07:30 - 15:00
Fre: etter avtale

Bestilling

Telefonnummer: 534 21311 

Kontakt

Adresse

Idrettsvegen 87, 5430 Bømlo

Telefonnummer

53421311